Facebook Instagram
Facebook
Hummelsund
  • Fartøy for sal
  • Kvote for sal
  • Nyhende
  • Om oss
  • Kontakt oss
Hummelsund
Menu
SELD
SELD
Previous product
Maren kr 3.100.000
Tilbake
Next product
"Resaflu" kr 8.000.000

Hardsjø til sals for bustyrar etter konkurs

Eks.mva

Verft

H. & E. Nordtveit Skipsbyggeri AS

Byggjeår

1952

Lengde

54.6 fot

Breidd

17.5 fot

Djupne

8.4 fot

Fart

11 knop

Kallesignal

LDVN

Del
Facebook
  • Beskrivelse
Beskrivelse

Om båten

Flott losskøyte totalrenovert i perioden 2010 – 2012. Ny maskin i 2012. Arbeid utført i 2010 – 2012 vart gjort på en særs grundig måte, med førsteklasses materialer og utføring. Teknisk sett må fartøyet kunne reknast som nytt i 2012. Td er opphaveleg kjølboltar skifta ut med boltar av rustfritt, syrefast stål. I tillegg er det ny stålkjøl. Heile skroget er drevet på nytt, delvis skifta hud og spunset i 2012. Båten er 36 tonn med 8,4 fot djupgåande. M/S HARDSJØ er ein 54 fot kryssar. Byggjematerialane er furu på furu, med stevner i eik. Skroget er tettspanta med hud og garnering i 2 ½ ” plank. Hovudmotor kan startast og kontrollerast frå styrehus og flybridge. Hjelpemotor driv AC-generator med uttak for 220 og 380 V. Fartøyet er ketch-rigga og kan også seilast. Fasilitetar som komfortable salonger, 2 vassklosett og 2 dusjar, samt bysse med tekniske innretninger for tilbereding av alle typar mat, gjer fartøyet anvendelig for opphold over lengre tid. Jamnt over held fartøyet ein særs god standard.

Fartøyet er godt utstyrt med navigasjonsutstyr som radar, gyrokompass, VHF-, MF-, og mobiltelefonar, elektronisk posisjonsangivelse, autopilot, kartmaskin og ekkolodd.

Båten ligg i Austevoll Kommune og har lagt i opplag eit par år. Bileta er frå før den vart lagt i opplag. Ny eigar må rekne med noko renovering. 

Kjøpar er klar over at båten blir seld av bustyrar som følgje av konkurs.

Seljar har difor ikkje erfaring med båten, og har ikkje kjennskap til tilstanden til båt, bruk eller tilhøyrsle.

Båten blir seld som den er, og utan reklamasjonsrett.

Seljar  fråskriv seg eit kvart ansvar for feil og/eller manglar ved båten, bruk og alt som måtte følgja med handelen.

Interesserte blir oppmoda til å prøvekøyra båten, og å gjera ei grundig synfaring av båten og alt som følg med båten, jf. kjøpslova § 20.

Kjøpar har ikkje rett til motrekna eventuelle krav han måtte ha mot selskapet som er konkurs, konkursbuet eller panthavar.

 

Tek utgongspunkt i at alle detaljar er korrekte, men kan ikkje garanterast.

Ta kontakt med Hummelsund Maritim AS om du ynskjer ytterlegare informasjon eller vil inspisere fartøyet.

Relaterte produkter

SELD
Hurtigvisning
Close

«Far Ebi»

Under 11m, Seld
kr 1.000.000
SELD
Hurtigvisning
Close

Deltakarrett Kystmakrell Not under 10 m. Må splittast

Seld
kr 1.450.000
SELD
Hurtigvisning
Close

«HR Junior». Kan seljast med eller utan deltakarrett Leppefisk

Seld
SELD
Hurtigvisning
Close

Deltakarrett NVG-sild 10-11 m. Står på båt over 11 m og må splittast

Seld
kr 5.000.000

Hummelsund Maritim AS vart etablert i 2017 og formidlar sal av fiskefartøy, deltakarrettar, brønnbåtar og arbeidsfartøy.



Killegrensgate 2-8, 9008 Tromsø
Telefon: +47 95247713
Organisasjonsnummer: 919417730
HUMMELSUND MARITIM AS 2025
  • Fartøy for sal
  • Kvote for sal
  • Nyhende
  • Om oss
  • Kontakt oss
Scroll To Top