Hummelsund Maritim AS

Mekling av fartøy
og deltakarrettar

FARTØY FOR SAL

Vurderer du å selje fartøyet ditt eller kjøpe nytt?

Har du spørsmål om kjøp og sal av båt kan du kontakt oss.
Hummelsund Maritim AS vart etablert i 2017 og formidlar sal av fiskefartøy, deltakarrettar, brønnbåtar og arbeidsfartøy. Me har erfaring med sal av både sjarkar, kystfartøy og større havgåande fartøy med konsesjon. Siste åra har me òg levert fleire større fartøy til havbruksrelaterte oppgåver.

I ein salsprosess, vil me ta hand om alle formalitetar for både seljar og kjøpar. Dette inneber å utarbeide kontrakt, søknadar til Fiskeridirektoratet, dokument til Skipsregisteret samt oppgjer. Det vil òg vere mogleg å formidle juridisk bistand frå advokat med spesialområde innan fiskerirett.

Fartøy og deltakarrettar vert marknadsført på våre nettsider, finn.no og i sosiale media.