Om båten
Flott losskøyte totalrenovert i perioden 2010 – 2012. Ny maskin i 2012. Arbeid utført i 2010 – 2012 vart gjort på en særs grundig måte, med førsteklasses materialer og utføring. Teknisk sett må fartøyet kunne reknast som nytt i 2012. Td er opphaveleg kjølboltar skifta ut med boltar av rustfritt, syrefast stål. I tillegg er det ny stålkjøl. Heile skroget er drevet på nytt, delvis skifta hud og spunset i 2012. Båten er 36 tonn med 8,4 fot djupgåande. M/S HARDSJØ er ein 54 fot kryssar. Byggjematerialane er furu på furu, med stevner i eik. Skroget er tettspanta med hud og garnering i 2 ½ ” plank. Hovudmotor kan startast og kontrollerast frå styrehus og flybridge. Hjelpemotor driv AC-generator med uttak for 220 og 380 V. Fartøyet er ketch-rigga og kan også seilast. Fasilitetar som komfortable salonger, 2 vassklosett og 2 dusjar, samt bysse med tekniske innretninger for tilbereding av alle typar mat, gjer fartøyet anvendelig for opphold over lengre tid. Jamnt over held fartøyet ein særs god standard.
Fartøyet er godt utstyrt med navigasjonsutstyr som radar, gyrokompass, VHF-, MF-, og mobiltelefonar, elektronisk posisjonsangivelse, autopilot, kartmaskin og ekkolodd.
Båten ligg i Austevoll Kommune og har lagt i opplag eit par år. Bileta er frå før den vart lagt i opplag. Ny eigar må rekne med noko renovering.
Tek utgongspunkt i at alle detaljar er korrekte, men kan ikkje garanterast.
Ta kontakt med Hummelsund Maritim AS om du ynskjer ytterlegare informasjon eller vil inspisere fartøyet.